Hopp til innhold

Storbritannia skrotar planar om skattelette

Den britiske finansministeren Kwasi Kwarteng seier at regjeringa reverserer planane sine om skattelette til nokon av dei rikaste i landet.

23. september annonserte statsminister Liz Truss og finansministeren ein ny vekstplan, der dei mellom anna ville redusera skatten til dei rikaste frå 45 til 40 prosent.

På Twitter skriv finansministeren at det hadde blitt klart for dei at skatteletten for dei rike hadde blitt ein distraksjon for oppdraget deira med å handtera landets økonomiske utfordringar, og at dei derfor ikkje går vidare med skatteletten.

– Me forstår det, og me har høyrt etter. Dette vil tillata oss å fokusera på å levera dei store delane av vår vekstpakke, står det i utsegna.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no