Leik med omn skuld i New York-brann
Storbrannen i New York i går der 12 menneske omkom, var truleg forårsaka av at eit barn leikte med ein omn. Det seier ordførar Bill de Blasio. Fire barn og ein tenåring var blant dei døde. Politiet seier brannen er den verste i byen på fleire tiår.