Hopp til innhold

Storbrann i næringsbygg – stenger fylkesveg

Naudetatane har rykka ut til eit industribygg på Langrønningen i Stathelle i Bamble kommune.

– Det er full overtenning over taket, opplyser operasjonsleiar Arild Reinhartsen ved Sør-Øst 110-sentralen.

Brannmannskap frå fleire stasjonar har rykka ut for å bistå i sløkkingsarbeidet, mellom anna frå Bamble, Brevik og Porsgrunn.

Politiet sa først at dei stenger E18 på staden, men dei ombestemte seg. Vegen forbi brannstaden er stengd, og det er fylkesveg 363.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no