NRK Meny
Vannlekkasje i Kirkeveien i Oslo
Foto: Stine Traaholt / NRK

Stor vasslekkasje i Oslo

Oppsummert

Stor vasslekkasje i Kirkeveien i Oslo like ved Ullevål sjukehus.

  • Kirkeveien stengt i heile dag

    Kirkeveien forbi Ullevål sjukehus vil truleg bli halden stengt i vestgåande retning i heile dag etter brot i ei hovudvassleidning. Vassnivået har no gått tilbake, men det blir arbeidd på staden. Lekkasjen vart meldt kl. 06.30.

  • – Vatnet fløymer opp frå bakken

    Årsaka til den store vasslekkasjen i Kirkeveien i Oslo er truleg brot i ein hovudvassleidning. Det fløymer vatn opp av bakken slik at bakken løftar seg, seier operasjonsleiar Gjermund Stokkli i Oslo-politiet. Han åtvarar om svært glatte vegar.

  • Stor vasslekkasje i Oslo

    Politiet i Oslo melder om ein stor vasslekkasje i Kirkeveien ved Ullevål sjukehus. Naudetatane er på staden. Det er mykje vatn i vegbana og trafikken er sperra i begge retningar. Vatnet renn ned gjennom mange sidegater, og det kan gi glatte vegar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no