Stor utanlandstrafikk i sommar
4,9 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juli, skriv Avinor i ei pressemelding.
Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med juli i fjor. Ein stor del av veksten kjem av utanlandske turistar til Noreg. Det samla talet på flygingar er tilnærma uendra samanlikna med fjoråret.
Det er utanlandsdelen av persontrafikken som aukar, med heile 7 prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna med juli i fjor.
2 242 188 passasjerar reiste innanlands i juli. Talet på reisande utanlands var 2 696 625.
– Juli-trafikken på utland har vore sterkare enn det vi forventa ved inngangen til sommaren. Det er tydeleg at både nordmenn som søkjer varmare strok og utanlandske turistar som søkjer «kjølegare opplevingar», har gitt god vekst, seier direktør for trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise.