Hopp til innhold

Stoltenberg: Ukraina har oppnådd mykje i Kursk

Ukraina har oppnådd mykje med Kursk-offensiven i Russland, seier Natos generalsekretær Jens Stoltenberg til Reuters.

Men han meiner det er vanskeleg å seie korleis dette kjem til å utvikle seg.

– Ukrainarane er dei einaste som kan ta dei vanskelege vala som må gjerast, som kor dei ønsker å sette inn styrkar og kva slags krigføring som er rett i aktuelle situasjonar, seier han.

Stoltenberg er i Oslo i forbindelse med eit folkemøte i regi av Den norske Atlanterhavskomite.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no