Hopp til innhold

Stoltenberg stadfestar at Finland blir Nato-medlem

Finland blir medlem av Nato tysdag. Det stadfestar Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

– Dette vil gjere Finland tryggare, og det vil også gjere Sverige tryggare, sa han på pressekonferansen.

Innlemminga av Finland i forsvarsalliansen blir markert i ein seremoni tysdag, der blant anna det finske flagget blir heist utanfor hovudkvarteret til Nato i Brussel.

Også Sverige har søkt om medlemskap, men Tyrkia har førebels sett ein stoppar for det. Men samtalane mellom dei to landa held fram.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no