Hopp til innhold

Stoltenberg om Krim: – Vi må ta desse vurderingane saman med Ukraina

Under pressekonferansen i dag sa Antony Blinken at fokuset no er at Ukraina skal klare å ta tilbake dei landområda som Russland har tatt dei siste 15 månadane.

Krim blei invadert av russiske styrkar i februar 2014, og blir derfor ikkje rekna med i utsegna til den amerikanske utanriksministeren.

Når NRK spør generalsekretær i Nato Jens Stoltenberg torsdag kveld om utsegna til Blinken svarar han at det viktigaste no er å gi støtte til Ukraina.

– Så er det ukrainarane som må gjere den vanskelege avveginga om kva som er akseptable løysingar på ein brutal og vanskeleg krig som handlar om å frigjere deira territorium, seier Stoltenberg.

Blinken utelukkar krim med det han seier i dag. Betyr det at Vesten og Nato ikkje vil hjelpe Zelenskyj med å ta tilbake Krim?

– Vi fokuserer no på å hjelpe Ukraina, svarar Stoltenberg. Han held fram:

– Også får vi ha løpande dialog mellom Nato-allierte med Ukraina om innrettinga av støtta, og korleis vi skal få ein slutt på denne krigen. Men det handlar om Ukraina si rett til sjølvbestemming.

– Dette er ting som har vore uttrykt frå amerikansk hald tidlegare. Og til sjuande og sist så må vi ta desse vurderingane saman med Ukraina i dialog med leinga der. Dette kjem til å halde fram til vi finn ei løysing på konflikten.

Norway NATO Foreign Ministers
Foto: Sergei Grits / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no