Stoltenberg i Kyiv – ber allierte om å gi meir
Torsdag møtte Natos generalsekretær Jens Stoltenberg den ukrainske presidenten i Kyiv for å diskutere landets luftforsvar.
Stoltenberg roste Ukraina for å gradvis vinne tilbake territorium i krigen, og la til at Russland er utestengd frå viktige interasjonale forum og er «redusert til å be om våpen frå regime som Iran og Nord-Korea».
Stoltenberg kalla Kyiv for eit hjarte i den «frie verda»:
– Ukraina er nærare Nato enn nokon gong, sa han.
Han presiserte at kun Russland kan ende krigen, og det kan dei gjere ved å legge ned våpena sine.
– Den moglegheiten har ikkje Ukraina.
– Ukrainarar kjempar for familiane sine, framtida og sin fridom. Moskva kjempar for imperialistiske vrangførestillingar.
I tillegg la generalsekretæren i Nato vekt på at viss fred for Ukraina kjem med ein kostnad, er ikkje det fred å rekne i det heile tatt. Vidare ba han allierte land om å trappe opp støtta, og om «signerte kontraktar».