Hopp til innhold

Stavanger Aftenblad: Lastebilsjåfør erkjenn ikkje straffskyld

Lastebilsjåføren som er sikta etter dødsulykka sør for Jørpeland torsdag erkjenn ikkje straffskyld, fortel sjåføren sin forsvarar Sigurd Rønningen til Stavanger Aftenblad.

– Han erkjenn ikkje straffskyld. Min klient meiner dette er ei tragisk ulykke. Han har det vondt, men tenker først og fremst på kvinna som mista livet og ikkje minst på dei etterlatne, seier Rønningen til Aftenbladet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no