Startar massevaksinasjon i Russland

President Vladimir Putin har gjeve helsestyresmaktene ordre om å starte massevaksinasjon av lærarar og legar neste veke. Russland har hittil produsert rundt 2 millionar dosar mot covid-19-viruset i statleg utviklingsprogram, sa Putin ifølge statlege medium.

Russland var det første landet som utvikla ei vaksine som var meint for massevaksinasjon. Nyheita om vaksinen Sputnik V kom i august i år.

Den statseigde legemiddelverksemda som har utvikla vaksinen, seier han har ein effektivitet på 90 prosent, utan biverknader å snakke om.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no