Stansar tvangsretur til Afghanistan

Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) har bestemt å stanse tvangsreturar til Afghanistan fram til 15. september, skriv UDI i ei pressemelding. NTB melde saka først. Bakgrunnen er eskaleringa i konflikten mellom Taliban og afghanske myndigheiter.

Dette omfattar personar frå Afghanistan som har fått avslag på søknad om vern, har blitt utvist frå Noreg, har fått opphaldsløyvet tilbakekalla, eller som oppheld seg i Noreg, og har fått avslag på søknad om opphaldsløyve.

Avgjerda om å stoppe tvangsreturar fram til 15. september er grunngitt med alle utanlandske styrkar skal ha trekt seg ut av landet innan utgangen av august. UDI og UNE seier dei vil vurdere situasjonen og om suspensjonen bør forlengast eller opphevast innan 15. september.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no