Springsteen utseld på få minutt
Dei 45.000 billettane til konserten med Bruce Springsteen i Bergen 21. juli neste år blei rivne vekk då billettsalet starta klokka 10.00.
Dei som går inn på billettsida får beskjed om at det er få eller ingen billettar igjen og at det er mange tusen i kø.
Dette er Springsteen sin einaste konsert i Noreg neste år.
– Det viktigaste er ikkje at det går fort, men at salet går som det skal, og at så mange som mulig som vil ha billettar får det, seier sjef for Bergen Live, Frank Nes, til BA.