Hopp til innhold

Sporveien: – Ubehageleg

Ein trikkeførar stansa ein trikk i Bogstadveien i Oslo som var full av festglade passasjerar natt til laurdag.

– Det var ein stor ungdomsgjeng som bestemte seg for at trikken var ein fin stad for å ta ein fest, seier pressevakt i Sporveien, Jan Rustad.

Han seier til NRK at trikkeføraren syntest situasjonen vart såpass ubehageleg at han valde å stanse trikken.

– Føraren stansa trikken og gjekk ut for å ringe til vektarar. Då dei kom til staden hadde festdeltakarane allereie forlate trikkevogna, uttalar Rustad.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no