Hopp til innhold

Spesialeininga etterforskar politiet etter knivstikking i Sandnes

I desember blei ei 34 år gammal kvinne frå Sandnes stukken med kniv av ekskjærasten, etter at ho i lang tid skal ha prøvd å få hjelp av politiet. No er Spesialeininga kopla inn, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er grunn til å undersøke om fornærma har fått nødvendig vern av politiet gjennom dei verktøya politiet har til disposisjon. Etterforskinga er retta mot politidistriktet, seier påtalefagleg etterforskingsleiar Gracja Skallerud i Spesialeininga til avisa.

Kvinna fekk kuttskadar som måtte syast med fleire titals sting. Ekskjærasten er sikta for drapsforsøk etter hendinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no