Hopp til innhold

Sosialistane leiar i Portugal

I forkant av valet i Portugal visar meiningsmålingar at Sosialistpartiet ligg an til attval, trass ei noko lågare oppslutning.

På søndag går portugisarane til valurnene. Valet blei utlyst då Antonio Costa ikkje fekk støtte til statsbudsjettet frå to mindre støttespelarar på venstresida.

Ifølge meiningsmålingane har Sosialistpartiet støtte frå 38 prosent av veljarane, mens det viktigaste opposisjonspartiet, konservative PSD, har 30 prosent. PSD har fått auka støtte.

Med 38 prosent vil Sosialistane framleis vere avhengig av to parti på venstresida, Venstreblokka og Kommunistpartiet, for å ha fleirtal.

På den andre sida av skalaen ligg ytre høgre-partiet Chega an til å bli det tredje største partiet med 7 prosent. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no