Hopp til innhold

Sør-Koreas president på plass i Japan

Presidenten i Sør-Korea, Yoon Suk-yeol, kom torsdag til Tokyo. Det er det første besøket til Japan frå ein sørkoreansk president på tolv år. Besøket blir sett som eit steg i retning av å betre forholdet mellom landa. Yoon skal blant anna ha møte med Japans statsminister Fumio Kishida for å blant anna drøfte samarbeidet mot Nord-Koreas rakettestar og den aukande spenninga i regionen. I tillegg er det venta at dei skal diskutere industrisamarbeid mellom dei to landa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no