Hopp til innhold

Sør-Korea: – Nord-Korea avrettar folk for narkotikabruk

Nord-Korea avrettar menneske for narkotikabruk, deling av sørkoreanske medium og religiøse aktivitetar, ifølgje ein rapport frå Sør-Korea.

Rapporten er utarbeidd av det sørkoreanske departementet som jobbar for ei forsoning mellom Nord- og Sør-Korea.

Han tek for seg vitneforklaringar samla mellom 2017 og 2022 frå meir enn 500 nordkoreanarar som flykta frå heimlandet.

– Avrettingar blir utførte i stor grad for handlingar som ikkje rettferdiggjer dødsstraff, inkludert narkotikabrotsverk, distribusjon av sørkoreanske videoar og religiøse aktivitetar, skriv departementet i rapporten ifølgje Reuters.

Rapporten gir ikkje eit eksakt tal på personar som er avretta. Reuters skriv at dei ikkje har kunna stadfeste funna i rapporten, men at han er i tråd med tidlegare FN-undersøkingar og rapportar frå ikkje-statlege organisasjonar. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no