Hopp til innhold

Sør-Korea ber om støtte frå Kina

I ein videosamtale mellom utanriksministrane i Sør-Korea og Kina måndag, sa sørkoreanske Park Jin at landet forventa at Kina støtta dei i dialogen med Nord-Korea.

Kinesiske Wang Yi lova å spele ei konstruktiv rolle, ifølge ei fråsegn frå ministeren, melder Reuters.

Nord-Korea har skote rekordmange missil og granatar mot den sørkoreanske grensa i år.

Kina er Nord-Koreas næraste allierte. Difor håper Sør-Korea at landet kan spele ei viktig rolle i å hindre at konflikten på Korea-halvøya eskalerer.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no