Hopp til innhold

Solberg: – USA skal vera vaktbikkje

– Det var eit USA som vi kjenner frå tidlegare, seier Erna Solberg til NRK om talen til Joe Biden og viser til at han i talen ville at USA skulle ta på seg ei leiarrolle.

Ho meiner talen var truverdig etter intensjonen hans, og at det viktigaste var at vil tre inn att i verda. Ho viser til at han var tydeleg på klima, pandemien og menneskerettar.

– USA skal vera meir ei vaktbikkje enn dei har vore dei siste åra. Det trur eg er bra, seier Solberg og legg til at han innfridde til forventningane.

– Han innfridde med ein tale som folk ynskte å høyra no, seier Solberg, men seier samstundes at dei som ynskte tydlegare bodskap om Afghanistan truleg blei skuffa.

– Dei har eit særleg ansvar etter måten USA trakk seg ut frå Afghanistan, meiner Solberg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no