Hopp til innhold

Solberg vil ha Vedum til å innrømma feil

Høgre-leiar Erna Solberg meiner finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) bør innrømma at han gjorde ein grov feil då han informerte om lønnsstøtteordninga og kontakten med ESA i Stortinget fredag.

– Det er eit monopol statsråden sit med når det gjeld kva vurderingane er og kva for ein kontakt som har vore. Då meiner eg det er heilt openbert at ein enkelt kunne sagt at vi gjorde ein grov feil og at vi har informert feil, seier ho.

Men Vedum er ikkje klar for å seia det. Han meiner Solberg lyttar med det kritiske øyret.

– Eg gav rett og slett ei skildring av prosessen og at vi hadde hatt ei avstemming med ESA om at den modellen vi la fram var innanfor det regelverket ESA hadde. Det er det. Det er på Dagsrevyen eg blei spurt om 80-prosenten, og då sa eg at den var absolutt, seier Vedum i Politisk kvarter tysdag morgon.

Lønnsstøtteordninga har vore omdiskutert.

Fredag la regjeringa fram at dei ville betala bedrifter 30.000 kroner i månaden per tilsett for å ikkje permittera tilsette. Vedum skulda på EU sitt regelverk då han grunngav maksgrensa. Dette har ESA tilbakevist.

Måndag, etter forhandlingar med SV, heva regjeringa maksbeløpet til 40.000 kroner i månaden per tilsett, avgrensa til maks 80 prosent av den tilsette si bruttoløn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no