Hopp til innhold

Søkjer framleis etter sakna mann i Nordhordland

Ein mann er sakna etter at ein førarlaus båt blei funnen ved Risasjøen utanfor Lindås i Alver kommune fredag kveld.

To helikopter og fleire redningsskøyter har deltatt i søket etter den sakna mannen natt til laurdag.

– Vi har funne klede i sjøen og mannen har truleg på seg ein redningsvest. Det er mykje straum og mange skjær og holmar i dette området, sa Johan Mannsåker i Hovudredningssentralen Sør-Noreg til Bergens Tidende fredag kveld.

Vest politidistrikt opplyser til NRK laurdag morgon at dei vil halda fram med søket.

Hovudredningssentralen skriv på Twitter at det er gode søksforhold i området.

Redningsaksjon i Alver
Foto: Sandor Dahl / Bergen Foto og Media

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no