Hopp til innhold

SOHR: Minst ni drept i rakettangrep mot marked i Nord-Syria

Ifølge kjelder den syriske observtørgruppa SOHR har snakka med, er minst ni personar drepne og rundt 30 såra i eit rakettangrep mot eit marknad i byen al-Bab i Aleppo-regionen nord i Syria.

Byen er kontrollert av tyrkisk-støttande opprørarar.

Både den syriske observatørgruppa SOHR og Kvite hjelmer, også kjent som Det syriske sivilforsvaret, melder om angrepet. Begge grupperingane er knytta til den syriske opposisjonen.

SOHR oppgir at syriske regjeringsstyrkar stod bak angrepet, og skildrar det som eit hemnangrep for det tyrkiske angrepet som nyleg drap minst 17 personar på ein syrisk grensepost. Dei drepne var syriske regjeringssoldater, som samarbeida om forsvaret av syrisk territorium i forbindelse med at Tyrkia har truga med å gjennomføra ein ny millitæroperasjon i Nord-Syria.

Tidlegare i dag sa Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan til tyrkiske medium at Tyrkia ikkje er ute etter å erobra syrisk territorium. (NTB/

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no