Smittevernlege i Sogndal slår alarm
Av dei elleve som er smitta etter eit utbrot på nattklubben Meat Point i Sogndal sist helg, var det berre tre som ikkje var vaksinerte.
Det har fått smittevernlege Jan Ove Tryti til å gå ut med ei åtvaring.
– Smitteutbrotet i Sogndal gir oss grunn til å tru at vaksine gir dårleg vern mot smitte. Vi oppmodar derfor alle, inkludert vaksinerte, om å vere ekstra merksame på smittevernreglane, seier han i pressemeldinga.