Hopp til innhold

Smitteramma australsk nødhjelpsskip på veg til Tonga

Minst 23 av mannskapen om bord på eit australsk marinefartøy på veg til virusfrie Tonga med naudhjelp har fått påvist koronasmitte.

Australia sin forsvarsminister seier at dei samarbeider om å finne ei løysing der skipet HMAS Adelaide ikkje treng å legge til land.

Eit fly frå Australia blei fredag sendt tilbake av myndigheitene på Tonga etter at eit av besetningsmedlemmene testa positivt for covid-19.

Tonga har berre registrert eitt smittetilfelle under pandemien, ein innbyggar som kom via New Zealand i oktober. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no