Smitten sterkt stigande i Noreg

Det blei meldt 18.318 nye tilfelle av covid-19 i Noreg i veke 47. Det er ein auke på 25 prosent samanlikna med veka før, viser vekerapporten til FHI. Smitten har vore jamt stigande dei siste seks vekene.

FHI reknar med at r-talet no er 1,1.

Trass i at smitten er aukande, har talet på nye innleggingar på sjukehus og i intensivavdeling flata ut dei siste vekene. Ifølge FHI er det særleg svært gamle fullvaksinerte personar og middelaldrande uvaksinerte personar som vil alvorleg sjuke.

Talet på koronarelaterte dødsfall gjekk svakt ned i førre veke. Det er foreløpig registrert 42 døde i veke 47, mot 46 døde veka før, står det i rapporten.

Delta er framleis den dominerande varianten her til lands. Men dersom omikron-varianten skulle vise seg å ha større evne til å spreie seg, reknar FHI med at denne etter kvart vil dominere, og at det kan bli vanskelegare å kontrollere epidemien.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no