Smitte ved Oslo universitetssjukehus

På medisinsk intensiv har ni tilsette, både legar og sjukepleiarar, testa positivt på koronaviruset og er sett i isolasjon. Det skriv Oslo universitetssjukehus i ei pressemelding.

I pressemeldinga står det at dei ikkje har indikasjonar på at pasientar er smitta.

– Dette smitteutbrotet viser at pandemien ikkje er over og at sjølv fullvaksinerte kan bli smitta, seier avdelingsleiar Dag Jacobsen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no