Hopp til innhold

Slagsmål om bord på fly til Oslo

Øst politidistrikt måtte rykka ut til Gardermoen etter meldingar om slagsmål, skriv TV 2.

Det var Romerikes Blad som skreiv om saka fyrst.

Operasjonsleiar Terje Marstad seier til TV 2 at dei blei kontakta av dei kabintilsette som opplyste at to passasjerar var i ein slåstkamp.

– Dei tilsette fekk kontroll på dei involverte, og dei valde difor å halda fram med flyginga mot Gardermoen, seier Marstad.

Dei ynskte likevel bistand frå politiet.

Flyet landa like før klokka 14.00. Det er usikkert kor flyet kom frå.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no