Slagsmål mellom fotballfans

Det har vore eit samanstøyt mellom Vålerenga- og Lyn-supporterar utanfor Bislett stadion søndag, i forkant av første runde av cupen.

Ifølge eit vitne NRK har snakka med sat Lyn-fans i alle aldrar på uteserveringa til Bislett Bad då dei plutseleg blei angripne av ei gruppe Vålerenga-fans. Det skal ha blitt kasta nødbluss og flasker mot Lyn-fansen.

Minst ein Lyn-supporter er skada og har blitt frakta vekk i ambulanse. Politiet er på staden med mange patruljar og har kontroll på situasjonen, opplyser operasjonsleiar Rune Hekkelstrand til NRK.

– Det blei kasta bord, stolar og knuste glassflaskar. Ingen framstår alvorleg skada, men minst ein person får behandling av ambulanse, seier han.

Ifølge operasjonsleiaren var det rundt 100 involverte, i ulik grad. Politiet vil prøve å finne ut kven som har skuld i hendinga, samt plukke ut dei som utøvde vald.

Fotballkampen mellom Lyn og Vålerenga, som startar klokka 16.15, kan du sjå på NRK.

Laster Twitter-innhold

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no