Laster kart, vennligst vent...

Skyting på hotell i Pakistan

Oppsummert

Fleire væpna menn gjekk til angrep på eit luksushotell i Balutsjistan i Pakistan.

  • Fem døde i hotellangrep i Pakistan

    Fredag vart eit luksushotell i byen Gwadar, sørvest i Pakistan, angripe. Det vart først meldt om ein død, men no er talet oppjustert til fem. I tillegg vart fire av angriparane drepne. Det er ei separatistgruppe i regionen Balutsjistan som står bak.

  • Tek på seg skulda for hotellangrep

    Separatistgruppa Balutsjistans frigjeringshær seier dei tek på seg skulda for angrep mot eit luksushotell i byen Gwadar, melder Reuters. Nyheitsbyrået skriv at ei vakt er drepen i angrepet laurdag ettermiddag.

  • – Skadde etter hotellangrep

    Minister Ziaullah Lango i Balutsjistan seier det har kome rapportar om skadde etter angrep på eit hotell i byen Gwadar. Tidlegare kom det melding om at alle gjestane var evakuerte, men Lango seier til Afp at dette gjeld fleirtalet av gjestane.

  • Skyting på hotell i Pakistan

    Det er skyting på eit femstjerners hotell i byen Gwadar i Balutsjistan, melder pakistansk presse. Politiet seier dei har høyrt ti eksplosjonar frå hotellet. Alle gjestane er evakuerte, melder informasjonsministeren i provinsen til ARY News.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no