NRK Meny
Skyting i Oklahoma.
Foto: Ap

Skyting på flyplass i Oklahoma

Oppsummert

Minst ein person er skoten på Will Rogers internasjonale flyplass i Oklahoma City.

  • Hemn var truleg drapsmotiv

    Mannen som i går skaut og drap ein tilsett i flyselskapet Southwest Airlines på flyplassen i Oklahoma City i USA, tok sitt eige liv like etter drapet. Politiet trur motivet hans var ei eller anna form for hemn. Drapsmannen var eks-kollega av offeret..

  • Uklart motiv for flyplass-drap

    Mannen som vart skoten og drepen på ein parkeringsplass på Will Rogers-flyplassen i Oklahoma City i dag, var ein tilsett i flyselskapet Southwest Airlines. Gjerningspersonen er på frifot, og politiet kjenner ikkje motivet for drapet.

  • Minst ein skoten på flyplass

    Politiet ber folk på Will Rogers internasjonale flyplass i Oklahoma City om å søkje dekning der dei kan etter rapportar om skyting. Minst ein person er skoten, og flyplassen er stengt, melder AP. Tilstanden til offeret er ikkje kjent.

    Laster kart, vennligst vent...
  • Skyting på flyplass i USA

    BNO News melder om skyting på Will Rogers internasjonale flyplass i Oklahoma City i USA. Minst ein person skal vere skoten og flyplassen er stengt.

    Laster Twitter-innhold

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no