Skøytestjerne alvorleg brannskadd
Den nederlandske kortbaneløparen Sjinkie Knegt, som vann OL-sølv på 1500-meter i fjor, er alvorleg brannskadd med tredjegrads forbrenningar i venstre bein. Kleda hans tok fyr då han skulle tenne ein vedomn, ifølge det nederlandske skøyteforbundet.