Skatteetaten: Fastlegar unnlét å oppgje 162 millionar kroner inntekter
Ifølgje DN har Skatteetaten avdekka omfattande skatteunndraging hjå 33 fastlegar i Noreg. Det gjeld hovudsakleg utanlandske legar.
33 fastlegar vart kontrollert, fem av desse er avslørt for grovt skattesvik eller grovt aktlaust skattesvik og vert meldt til politiet for dette.
118,5 millionar kroner skal ifølgje Skatteetaten vere sendt ut av landet, og staten har tapt 66 millionar kroner i skatteinntekter.
Unndragingane skjedde i samband med refusjonar frå Helfo. Legar i Noreg får refusjonar frå Helfo for ulike typar medisinske tenester og behandlingar.