Hopp til innhold

Skadd mann i bil oppi tre

Ein 20 år gammal mann vart natt til laurdag funnen kritisk skadd i ein bil oppe i eit tre ved Vrå i Nordjylland i Danmark. Det var ein forbipasserande som fann mannen 03.19 om natta oppe i eit tre.

– Han sat fastklemt oppe i treet, som står ved ein rundkøyring mellom Borupvej og Vråvej, seier operasjonsleiar René Kortegaard i Nordjyllands Politi til regionmediet Nordjyske.

Ifølgje politiet tyder det på at for høg fart har spelt ei rolle.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no