Hopp til innhold

Sjef og styret i legemiddelselskap går av

Både styret og toppsjefen i det børsnoterte bioteknologiselskapet Nordic Nanovector går av etter at fusjonsplanar blei stemt ned tidlegare denne månaden, skriv E24.

– Eg er overraska over at dei trekk seg, og meiner det ikkje var det rette å gjere. Det er nok ein del kjensler ute og går her. Dei har gjort så godt dei kunne, men har fått ein skikkeleg smekk over fingrane frå aksjonærane, seier Hans Petter Bøhn, som er einaste medlemmen som er igjen i valkomiteen, til nettavisa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no