Sikta for drap på parlamentarikar

Ein 25 år gammal mann er sikta for drapet på den britiske parlamentsmedlemmen David Amess, melder Sky News.

Politiet meiner drapet også er terror fordi det var både religiøst og ideologisk motivert.

Amess blei stukken med kniv då han deltok på eit veljarmøte i førre veke, og døydde av skadane han fekk.

Mannen som no er sikta for drapet blei arrestert like ved åstaden kort tid etter ugjerninga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no