Sikta for å ha underslått millionar

Ein tilsett i Norsk musikkråd vart i desember i fjor teken med 20.000 dollar i kontantar på Gardermoen. No er han sikta for underslag av 4,6 millionar kroner.

– Saka vart oppdaga då mannen vart stoppa av tollvesenet på Oslo lufthamn då han var på veg ut av landet med i underkant av 20.000 dollar i kontantar på kroppen, seier påtaleansvarleg Tor Anders Persen i Aust politidistrikt til NTB.

Fredag gjekk Norsk musikkråd ut i ei pressemelding og sa at ein tilsett hos dei er sikta for grovt underslag etter at undersøkingar har avdekt at han gjennom 13 år kan ha underslått til saman rundt 4,6 millionar kroner.

Mannen har no fått sparken frå organisasjonen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no