Hopp til innhold

Senterpartiet med rusvedtak: – Me tørr seie nei til høgresida si «rusromantisering»

På Senterpartiet sitt landsmøte vedtok partiet å ein resolusjon om ruspolitikk. Resolusjonen seier at bruk og det å ha narkotika skal vere straffbart.

– Me vil ha eit samfunn med mindre rus. Så me seier nei til avkriminalisering, og me seier nei til legalisering, sa Marianne Rossevatn i Senterungdommen, i forkant av voteringa.

– Me tørr seie nei til høgresida si «rusromantisering» legg Rossevatn til.

Fleire i partiet stiller seg bak resolusjonsforslaget som er basert på forslaget frå Senterungdommen.

– Det uroar meg at ungdommane våre skal vekse opp i eit samfunn der die opplever at det er aukande aksept for narkotikabruk, sa Odd-Amund Lundberg i Ringsaker Senterparti.

Resolusjonen skal også sikre helsehjelp og oppfølging til den enkelte og pårørande. Partiet påpeiker likevel at det er viktig å straffe narkotikabruk i ei tid med aukande bruk blant unge. Det presiserte 1. nestleiar i partiet, Ola Borten Moe:

– Ulovlege rusmiddel er forbodne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no