Hopp til innhold

Senator ber Biden trekke seg

Så langt har ni kongressrepresentantar bede Joe Biden om å trekke seg som Demokratane sin presidentkandidat.

For fyrste gong seier ein av dei demokratiske senatorane det same.

– Til det beste for landet ber eg president Biden om å trekke seg, skriv senator Peter Welch i Washington Post, ifylgje Reuters.

Joe Biden har fått hard medfart for framferda i debatten mot Donald Trump for snaue to veker sidan.

Totalt ni kongressrepresentantar og ein senator har no gått ut offentleg og ytra ynsket om ein annan demokratisk kandidat.

Senatet er overhuset i den amerikanske nasjonalforsamlinga. Det er kun 100 senatorar, mot over 400 kongressrepresentantar.

Onsdag bad skodespelar og Demokratane-bidragsgjevar George Clooney om at Biden trekker seg.

Peter Welch
Foto: J. Scott Applewhite / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no