Staten skal selje 21,5 prosent av SDØE (Statens direkte økonomiske engasjement) til oljeselskapa. Kompromisset vart presentert på ein pressekonferanse klokka 17.30 i dag.
Avtalen er gjort mellom Arbeidarpartiet, Høyre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. SDØE er Statens direkte økonomiske engasjement i oljesektoren.
Regjeringa sitt opprinnelege forslag var å selje 15 prosent av SDØE til Statoil, og fem prosent til Norsk Hydro og andre aktørar på norsk kontinentalsokkel.
I tillegg har partiet ynskt å delprivatisere Statoil ved å selje mellom 10 og 25 prosent av selskapet gjennom børsnotering.
SV og Senterpartiet er ikkje med i det oljepolitiske forliket. Desse partia er sterkt imot å delprivatisere Statoil. Det blir alt spekulert i at Sp og SV vil fremje regjeringa sitt opprinnelege forslag for delprivatisering. Dette for å få fram at regjeringa prioriterer den politiske breidda i forliket fram for å få fram sitt eige, opprinnelege forslag.