Semje om naturvern i verda

195 land er samde om ein avtale for å verne om økosystema og kjempe mot naturøydeleggingar. Landa blei samde under eit FN-toppmøte i Kina i dag.

Avtalen går ut på at 30 prosent av land- og havområda i verda skal vera verna innan 2030.

Tidlegare denne veka løyvde Kina 2 milliardar kroner til eit fond som skal sikra biologisk mangfald, og oppmoda samstundes andre land til å gje pengar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no