Hopp til innhold

Sel sensitive helseopplysingar om 7,1 millionar finnar

Sensitive helseopplysingar om 7,1 millionar finnar vert marknadsførte og selde til nasjonale og internasjonale forskarar, skriv den finske kringkastaren Yle.

Det er det statlege tilsynet Findata som tilbyr desse opplysingane samanstilt frå fleire ulike register. Opplysingane er anonymiserte, men inneheld mellom anna fødselsdag, kjønn og fødestad. Dei inkluderer òg døde personar.

Ein professor i offentleg rett, Tomi Voutilainen, meiner saka er heilt utan sidestykke og inneber stor risiko.

– Desto fleire slike opplysingar vert samanstilte og sentraliserte på éin stad, desto meir attraktivt er det for personar som vil skada samfunnet eller enkeltpersonar, seier han til Yle.

Peija Haaramo i Findata seier dataa berre kan brukast i program som er offentleg godkjende, og at dei legg til grunn at forskarar er seg sitt ansvar bevisst og har høg moral.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no