Hopp til innhold

Seks skadd i knivangrep i Paris

Fleire personar er skadd etter eit knivangrep på togstasjonen Gare du Nord i Paris. Det opplyser politiet til France Info. Nettsida melder at gjerningspersonen er nøytralisert.

Nyheitsbyrået Reuters melder at seks personar blei skada i hendinga, der ein av desse er alvorleg skada. Reuters skriv vidare at gjerningspersonen vart skoten fleire gongar av politiet og er teken med til sjukehus med alvorlege skadar.

Innanriksminister i Frankrike, Gérald Darmanin, stadfestar hendinga.

– Ein person har i dag tidleg såra fleire personar på Gare du Nord. Han blei raskt nøytralisert. Takk til politiet for deira effektive og modige reaksjon, skriv han på Twitter.

Hendinga skjedde omtrent klokka 06:40 i morgontimane onsdag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no