Hopp til innhold

Seks redda ut frå brann i Valdres

Fire barn og to vaksne redda seg ut då det braut ut brann i eit bustadhus i Åbjør i Valdres. Brannen vart meld klokka 02.43.

Alle seks er tatt med til legevakta for sjekk. Sløkking er i gang, melder Innlandet politidistrikt.

Nord-Aurdal kommune har skaffa familien mellombels innkvartering på hotell.

Det er ikkje kjend kvifor det byrja å brenne i einebustaden i Nord-Aurdal.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no