Hopp til innhold

Seks personar drepne i skytinga under 4. juli-parade i USA

Minst seks personar skal vere drepne og 24 er skadde i skytinga under ein 4. juli-parade i Illinois i USA.

Politiet orienterte om hendinga på ein pressekonferanse like før klokka 20, norsk tid.

Gjerningsmannen er framleis på frifot. Han blir beskriven som ein kvit mann i alderen 18-20 år med langt, svart hår.

– Det ser ut til å vere eit tilfeldig angrep, seier politisjef i Lake County, Chris Covelli.

Gjerningsmannen skal ha brukt ei rifle, og han skaut frå eit hustak, ifølge politiet.

Politiet ynskjer å sikre seg videoopptak frå folk som var til stades.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no