Hopp til innhold

Seks omkom etter at lastebil køyrde inn i grillfest i Nederland

Seks personar omkom og sju vart skada etter at ein lastebil køyrde ut av vegen og inn i ein grillfest i eit nabolag utanfor Rotterdam i Nederland laurdag kveld. Det skriv den nederlandske kringkastaren NOS.

Den 46 år gamle sjåføren er ein spansk mann, og han er pågripen og avhøyrt av politiet. Han vart ikkje skada.

Sjåføren er ikkje mistenkt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand, skriv NOS.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no