Hopp til innhold

Seks drepne i skyting på ein sjukeheim i Kroatia

Seks menneske er drepne etter ein skyteepisode på ein sjukeheim aust i Kroatia, ifølge den kroatiske avisa Jutarnji.

Ein mann skal ha gått inn på ein sjukeheim i ein liten by kring 130 kilometer frå Zagreb, melder den statlege TV-kanalen HRT.

Ifølge lokale medium skal ein av dei drepne bebuarane vere mora hans, som hadde budd på heimen dei siste ti åra.

Ytterlegare to personar er skadde, ifølge avisa Jutarnji.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no