Hopp til innhold

Seier gyldige vaksinar blei sende

Helsedepartementet i Israel held fast på at koronavaksinane som dei sende til palestinarane, er heilt gyldige. Sjølvstyremyndigheitene på den okkuperte Vestbredden skrota fredag ein avtale om vaksinebytte få timar etter at avtalen var offentleggjort.

Grunngjevinga var at den første leveransen med rundt 90.000 dosar av Pfizer-vaksinen ifølgje palestinarane ikkje var i tråd med avtalen og var i ferd med å gå ut på dato. Israel meiner på si side at best før-datoen var spesifisert i avtalen. Helsedepartementet seier laurdag at vaksinane er «heilt gyldige». Dagen før sa Israel at vaksinane var i ferd med å gå ut på dato, utan å utdjupa når.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no