Hopp til innhold

Saudi-Arabia avviser at landet feila under årets hajj

Ein saudiarabisk talsmann forsvarer landets handtering av årets hajj. Han avviser at landet feila til trass for at mange omkom under årets hajj, melder AFP.

– Staten feila ikkje, men det vert gjort feilvurderingar av personar som ikkje forstod risikoen, seier ein høgtståande saudiarabisk talsperson.

Representanten seier at styresmakta har bekrefta 577 dødsfall på dei to travlaste dagane i pilegrimsferda. Dei seier dette er grunna aktivitetane som føregår utandørs og som krev mykje fysisk aktivitet.

– Dette skjedde i vanskelege vêrforhold og i svært høge temperaturar, seier talspersonen.

Fleire land har knytt dødsfalla til ekstremvarmen.

Nasir Ahmed

Dødelig pilegrimsferd – norske Nasir har aldri opplevd slik varme

Under årets pilegrimsferd til Mekka opplevde Nasir Ahmed at folk besvimte i hopetall, at bakken han lå på varmet gjennom liggeunderlaget og at klærne nesten luktet svidd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no