Hopp til innhold

SAS-mekling: Partane nærmar seg kvarandre

– Det har vore intens møteverksemd gjennom heile dagen og det vil gå føre seg dei komande timane også. Vi har ingen avklaring per no, men det blir jobba hektisk for å finne ei løysing, opplyser riksmeklar Mats Ruland kl. 21 fredag kveld.

Meklingsfristen for SAS og pilotane deira går ut midnatt til laurdag. Blir partane ikkje einige innan fristen, vil 900 SAS-pilotar i Noreg, Sverige og Danmark gå ut i streik.

– Det er ein totalitet som skal på plass og han er ikkje på plass enda, seier Ruland.

Den opphavlege forhandlingsfristen gjekk ut onsdag, men blei så utsette. Tidlegare i dag vart det meldt at partane hadde nærma seg kvarandre.

– Det har vore rørsle og partane har kome nærmare kvarandre. Det er gode, konstruktive dialogar, men det er vanskeleg, seier riksmeklaren.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no